Presentasjon
Det å forme mjuk leire og så gjere den om til keramikk ved hjelp av elden har vore ein glød for meg dei siste 25 åra. Eg er enno fullstendig fascinert av denne fantastiske prosessen.
Eg elskar å lage bruksting som kan gje inspirasjon og glede ved bruk i kvardagen. Eg lagar gjerne også skulpturelle arbeid, ofte til utendørs installasjon.
Materialet er steingods og porselensleire, og eg brenner i ein stor mursteinsovn til ca 1300 grader celsius. Lengda på brenninga , mellom 70 og 100 timar, er essensiell for godt resultat.
Arbeida mine har ofte fellestrekk til menneskekroppen, slik krukker gjerne har. Eg legg vekt på å framheve det lett asymmetriske, menneskelege. Eit godt, dynamisk samspel mellom form, relieff og fargespel frå elden er målet.
Alt tinga er heilt handlaga. Glasurane er også mine eigne, laga for å samstemme med naturleg oskeglasur skapt under brenninga. Elden understrekar og framhevar dei organiske formane og relieff i overflatane.
Vedfyrt keramikk representerer naturen for meg, men vare nyansar av jordfargar. Dei mjuke rolege overflatene er eit vakkert innslag i eit vidt spekter av moderne interiør.
_________________
Presentation
Making clay objects and transforming them into ceramics by woodfiring has been my passion for more than 25 years.
I am still completely fascinated by this amazing process.
I love making utilitarian objects for inspiration and pleasure by everyday use. I also enjoy sculptural work, often for outdoor installation. I work with stoneware and porcelain. The work is fired in a large wood fired kiln, at approximately 1300 degrees celsius. The duration of the firing , between 70 and 100 hours, is crucial for desired results.
My work often relates to the human body, like pottery often does. I like to emphasize slightly asymmetric shapes, like ourselves. Dynamic exchange of form, texture and effects from the woodfire is the goal.
All pieces are completely handmade. The glaze is self made to match the natural ash glaze posed by the flames during the firing. The fire underlines and strengthens the organic shapes and the surface reliefs.
Woodfired ceramics represent the natural world with subtle shadows of earthy colours. These soft and quiet surfaces fit into a wide range of modern interiors.
Artist statement
Størsteparten av livet har eg levd tett på naturen. Frå tideleg barndom har eg knytt sterke band til planter og dyr, fjell og fjord, skog og vatn. Arbeid med leire og nærkontakt med vedfyrt keramikk kan gje meg den samme opplevinga av sinnsro, fokus og glede som naturopplevingar.
Kompleksiteten i dei unike nyansane i samspel med form byr på nye opplevingar ved berøring og iakttaking over tid.
Arbeida mine fortel om det eg brenn for, kjærleiken min til naturen og menneske nær meg. Samstundes inviterar det brukare inn til dialog om deira glød.
__________
I have lived most my life close to nature. From early childhood I tied strong bonds to plants and animals, mountains and fjords, forests and lakes.
Work with clay and use of woodfired pots can give me that same feeling of serenity , focus and love as a nature experience.
The complexity of the unique nuances communicating with the forms can reveal new experiences through continued use and investigation.
The language of my work is the language of my passions, my love for nature and people close to me. At the same time it invites the user to dialogue about theirs.