Keramikkurs!

Kveldskurs 25 timer, torsdagskveldar frå kl 17.30 til 20.00

Med økter på to og ein halv time har du god tid til å fordjupe deg i for eksempel i dreiing eller håndbygging, og utforske dekor mm. Du kan jobbe med ulike teknikkar etter eige ønske, og perfeksjonere det du er mest interessert i!

Me møtest ein gong i veka over 10 veker, på verkstedet mitt i Strandebarm, frå klokka 18.00 til 20.30. Det er plass til fire deltakarar , eg tek mot påmelding fortløpande til det er fullt :)

Ved påmelding får du faktura på kursavgift- kr 6500,- denne kan gjerne delast opp i to eller tre innbetalingar om ynskjeleg.

Fri bruk av leire og utstyr er sjølvsagt inkludert i prisen.
Om du skulle bli forhindra frå å delta får du full refusjon av kurspengane heilt fram til oppstart.

Har du lyst til å dreie?

Eg har hatt eit sterkt ynskje om å lære mest mogeleg om dreiekunsten frå den dagen eg starta som keramikklærling, for snart 30 år sidan.

Eg har vore heldig, og fått lov å arbeide i lag med fleire av dei aller meste erfarne og teknisk dyktige utøvarane .  Eg har undervist to semester ved det Nasjonale Senteret for  Keramikkutdanning i Frankrike CNIFOP, der har eg også fagbrevet mitt frå.  I tillegg har eg  brukt ekstra mykje tid på å lære om og øve på dreiing av store former,

No har eg veldig lyst å vidareformidle det eg har samla opp av  teknikkar og lure knep  opp igjennom åra, slik at du raskt meistrar dreiinga betre!

Etterkvart som du får meir erfaring kan du spisse kunnskapen . Du lærer å bruka spesialtilpassa grep og framgangsmåtar alt etter etter kva form du ynskjer å skapa!

Me går også igjennom elting og førebuing av leire for optimale resultat, og me øver på hanking og etterarbeid slik at resultata skal bli mest mogeleg perfekte.

Etter eit ti vekers kurs er målet at du har erfaring og god kunnskap om alle ledd i prosessen frå leira blir tatt ut av sekken til produktet er ferdig tørka, råbrent og glasert.

Du har ei dreieskive til disposisjon, og så mykje leire du greier å dreie kvar økt! Leira  du brukar vert resirkulert, men når dreier du ting du ynskjer å ta vare på er sjølvsagt mogeleg tørka og brenne dei her!

For dei som vil kan me tilby glasurbrenning  i gassovn. Pris for brenning og glasering vert berekna ut i frå størrelse og mengde, og kjem i tillegg til kursavgifta.

Pris pr time kr 240 inkludert leire.

Kaffi , te og litt pausemat er inkludert!

For meir info og påmelding ta kontakt!
E-post: lindalid71@gmail.com